fredag 23. juli 2010

Tour de France - etappe 17 og 18

Torsdag bar det avgårde med innleigde syklar i retning Col de Tourmalet for å få med oss målgangen i den 17. etappen. Omlag 10 km frå toppen var det imidlertid slutt på morroa. Ein representant frå det franske genarmeriet, som var meir enn gjennomsnittleg oppteken av jobben sin stogga alle syklistar. Etter intenst munnhuggeri på fransk (eg var av naturlege grunnar ikkje deltakande på dette) mellom den bevæpna vakten og syklistane, endte det med ei form for sivil ulydighet der me sneik oss vidare til franske gloser eg ikkje kan tenka meg er nedteikna i ei ordbok. Gleden var imidlertid kortvarig, ein liten kilometer seinare var ein liten bataljon av kollegaene til den hissige mannen samla, og sykkelen måtte parkerast. Dei siste kilometerane vart gått til fots. Etter å ha vore ein tur på toppen, fann me ut at den beste plasseringa var ein drøy kilometer frå toppen. Inne i ei sky, med berre nokre meter sikt kom etterkvart Schlek og Contador ut av svingen til stor jubel. Thor og Edvald låg som venta noko lengre bak, men smilte lurt til oss heiande nordmenn inne i skydekket like før toppen. Ei artig oppleving der syklistane nærmast sykla spissrotsgang mellom publikum på den smale bratte vegen mot col de Tourmalet.

Fredag kjørte me avgårde for å få med oss starten på den 18. etappen. Like ved startområdet kom Dag Otto-mobilen med tv2 teamet, som gjorde seg klare til dagens etappe. Dag Otto er jo ein høfleg mann, og hilste på oss nordmenn som var på veg mot starten - det var jo hyggeleg.
Starten var eigentleg ganske artig, sidan stemninga her var roleg, og syklistane sirkla fram og tilbake i gatene i startområdet. Etter starten der syklistane rulla ut, fulgte det sedvanlege toget av følgebilar, som nærmast er kjennemerket for touren. Til sist rulla lagbussane ut, og markerte med det slutten på årets Tour de France sirkus for vår del.

Biletet viser Dag Otto-mobilen.  

Sendt fra min HTC



onsdag 21. juli 2010

Tour de France - etappe 16

Tysdag fekk me oppleva Tour de France på nært hald for fyrste gong. Me starta dagen tidleg, og kjørte til col de Solouis der me fann oss ein grei plass like før toppen. Som gode nordmenn hadde me sjølvsagt tatt med oss flagg, og oppmuntrande helsingar til Edvald og Thor vart skriven i vegbana. Alt var klart til at sirkuset skulle ankomma. Først ut var caravanen. Sponsorane kjørte forbi medan effektar vart kasta ut frå farkostane til stor begeistring frå publikum. Bak caravanen skrensa Dag Otto opp, og fekk stor oppmerksomhet både frå nordmenn (me var ikkje åleine) og utlendingar. Ein skal ikkje sjå bort frå at me vart linselus i ei TV2 sending etter dette. Så var tida inne til høgdepunktet. At ryttarane nærma seg var forholdsvis lett å sjå. Fem helikopter kretsa nærare og nærare i låg høgde, og ut av folkemassen kom den første ryttaren. Til stor jubel frå amerikanarane bak oss var det Armstrong som var først. I styggeleg stor fart (for å vera i bratt stigning) raste ryttarar, motorsyklar og følgebilar forbi kun centimeter frå jublande publikum. Thor kom i hovudfeltet, og Edvald sat smilande bak i bussen etter å ha gjort sin jobb for dagen. Sjølvsagt vart begge heia fram etter alle kunstens reglar. Thor gjorde ein kjempejobb på denne etappen og vann tilbake den grøne trøya. Torsdag tek me sikte på å sykla til col de Tourmolet, som er høgaste pass og målgang for siste klatreetappen i årets tour. Dette blir saker!

Sendt fra min HTC





måndag 19. juli 2010

Dolomittane ligg bak oss...

...og me har forflytta oss til Lourdes like ved Pyrineene. I morgon kjem Tour de France sirkuset, og me skal vera klare med norske flagg trygt pakka i bagasjen. Litt kluss med hotellet her i Lourdes, som me rekner med vil løysa seg i løpet av dagen. No gjeld det å få tak i nokre syklar, slik at nye bakkar kan klatrast før tdf invaderer området ;)

Sendt fra min HTC

fredag 16. juli 2010

Touren går mot slutten

Men for ein fantastisk tur det har vore. Me har vore over fleire 2000-meters toppar enn me klarer å halda oversikt over, og vergudane har vist seg frå si beste side. Høgdepunktet var likevel Passo de Stelvia. 2760 meter etter eit endelaust antall svingar oppover fjellsida. Ei fantastisk oppleving! I dag har me klatra over to pass: Passo del Vivione og Passo della Presolana - totalt omlag 2000 klatremeter. Bileta viser Passo de Stelvia og Passo de Gavia. I morgon sykler me til Bergamo som er siste stopp før Harald og Cato reiser til Frankrike og Tour de France ;)









søndag 11. juli 2010

Tour de Dolomiti - dag 2

To dagar er gjennomført, og mange høgdemeter er klatra. I dag er to fjellpass passert - Passo di San Pellegrino og Passo di Fedaia. Som biletet viser er Dolomittane bratte. Polarklokka insisterte på at stigningsprosenten i dag bikka 20 talet på det brattaste. Men i NEI BIL er me spreke, så det gjekk bra. At det venter ein kraftig nedoverbakke på den andre sida er jo ein fin bonus ;)





laurdag 10. juli 2010

Passo de Manghen er unnagjort

Dagens etappe gjekk frå Levico til Cavalese over Passo de Manghen. 2011 høgdemeter er klatra i fantastisk natur og med behagelege 30 - 35 grader og sol. Etter ein liten pause på toppen, vart motebakker erstatta med bratte nedoverbakker på smale vegar. Dette var jo ei oppleving i seg sjølv. Alle ne'arane sykla sjølvsagt samla, og me har alle hatt ein flott dag i dei Italienske dolomittane. Biletet viser ein fornøgd Cato som akkurat har kommen fram til hotellet.

Sendt fra min HTC



torsdag 8. juli 2010

Dolomittane neste

Så er endeleg dagen kommen. Avreise til Dolomittane er snublande nær. Min trufaste gamp er allereie sendt nedover til Italia saman med bagasjen, og alt som no gjenstår er å komma seg på flyet nedover til (forhåpentlegvis) sol og sommar i norditalia.

Det meste skal no vera klart. Sykkeltøy i alle variantar er pakka, kart er studert og klargjort, og reiseskildringa frå BergODal er granska. Dette kjem til å bli ein fantastisk tur. Rammene rundt kunne vel heller nesten ikkje blitt betre. Godt inspirert av Tour de France som akkurat har starta, kribler det nærmast etter å ta fatt på bakkane som mellom anna er kjent frå Giro de Italia. Løypa vert nok krevande med mange, mange høgdemeter som skal klatrast, men dette blir nok likevel ei stor oppleving i ein fantastisk natur.

For å toppa ei stor oppleving, reiser me vidare til Frankrike for å få med oss to etappar i Tour de France sirkuset på nært hald. Etappane som slutter og starter frå Pau er forventa å vera dei mest spennande og avgjerande i Touren, og det er vel rimeleg å tru at det vil vera stor stemning blant tilskuarane langs desse traseane. Det norske flagget er pakka, så får me gjera vårt beste for å heia fram Tor og Edvald i Pyrineene. Dette blir saker!