Etter ein laaaang og tøff vinter var det endeleg tid for det store vårsleppet. Langfredag vart dagen der raceren endeleg fekk trekka frisk luft etter eit langt opphald i kjellaren. Turen denne gong gjekk til Erdal for å besøka bestemor. På heimvegen måtte eg jo berre leggja vegen om Ramsøy, slik at eg fekk innkjørt den gode gamle treningsturen min. Solnedgang på Ramsøy kan faktisk anbefalast på det sterkaste. Ellers var det råd å merka at det er lenge sidan siste tur på raceren. Eg savna reint den naturlege polstringa mot sykkelsetet, og må nok berre førebu meg på nokre harde økter før sykkelsete og stump igjen får etablert eit leveleg partnerskap.Laurdag vert eg beint overmanna av kaffitørst, og påmonterte statoil-koppen på sin sedvanlege plass under sykkelveska før eg sette kursen mot Ravnanger. Skjeldan smaker kaffien betre enn etter eit kort temporitt i motvind frå Nordre Askøy. Nytt av året er Polar kandessensor og fartssensor slik at lite no er tileigna tilfeldighetane. Det begynner å bli trangt om plassen på styret, men vi leker tross alt ikkje trening...
Totalt sett vart det snaue ti mil desse dagane, og endå viktigare: sykkelsesongen er no offisielt starta. (Noko som er på høg tid ettersom Bergen Voss etterkvart er snublande nær.)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar