søndag 18. april 2010

It's hard to be a sykkelmann

Kikker ut vinduet, og ser tørre vegar og nesten blå himmel. Supert, tenkjer eg, dette blir nok ein flott sykkeldag. Medan eg over ein kaffikopp lurer på kor ferda skal gå, høyrer eg eit tordenbrak. Innover Hjeltefjorden kjem det ein svart vegg (sikkert full av oske frå Island), som ikkje eingong Mordor har sett maken til, før det laver ned - med snø! Etter å ha fått harkla opp det meste av kaffien som settte seg fast i halsen, konkluderer eg med at ferda i dag går til spinningsykkelen i boden. Det er sanneleg hard to be a sykkelmann!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar