laurdag 19. desember 2009

Statsraaden kjem heim


Like før klokka 12 sjekka eg ut frå Thon hotell Bryggen, godt innpakka for å stå imot eit iskaldt snødrev som vêrgudane hadde bestemt seg for å plaga Bergen by med. Sanseapparatet kan nok teknast at var noko svekka etter gårsdagens hyggelege julelunsj, som varte til langt på natt. Så når eg bestemt meinte at eg hørte song i det fjerne var eg like ved å avskriva det som kreativ øresus. I dette vêret skulle ein tru at dei fleste hadde fornuft nok til å søkja ly, og langt mindre syngja for full hals. Men øyrene laug ikkje - det var bestemt song eg hørte, nærare bestemt mannsrøyster - mange mannsrøyster.

Etter å ha rusla eit lite stykke opnebarer kjelda for denne uventa overraskinga seg. Inn vågen sigler Statsraad Lehmkuhl med mannskapet oppstilt i stormasta medan dei syng:
It's time for us to leave Her!

I snødrev og bitande kulde er dette eit mektig syn, og framstår som noko av det mest råstilige eg nokon sinne har sett. Solvang hadde utan tvil vore stolt over opptrinnet, og det er ikkje fritt for at erkebergenske kjensler vakna sjølv i ein Askøystril på kaikanten denne dagen. Frå tomme intet strøymer hutrande bergensarar til, og Statsraaden legg til kai til applaus frå ei etterkvart stor gruppe tilhøyrarar. Ein skulle nesten tru at det framleis strøymer ørlite saltvatn i blodårene på vestlendingane...

måndag 7. desember 2009

Skitur


Noko motvillig har eg nok måtta vedgå at vinteren er her, og sykkelen er for lengst innvintra i kjellaren. Når Åse, Maja og Harald hadde overtalt Dag til å vera skiinstruktør,var eg ikkje veldig vanskeleg å be om å bli med på turen til hytta på Ål. Mine skiferdigheter er som kjent ytterst avgrensa, så det ville vel neppe komma eit betre høve til å læra seg dette enn når ein har eigen skiinstruktør med på turen.

Med tidleg start frå hytta, gjekk turen til Vestlia på Geilo på laurdag. Medan dei andre starta å finpussa telemarkskøyringa si, fekk eg kyndig veiledning frå Dag - slik at barnebakken kunne forserast utan risiko for liv og helse. Etter forbausande kort tid flytta me oss opp i bakkane for dei store jentene og gutane, og etterkvart var også den grøne løypa litt midre trugande. Dag viste seg å vera ein tålmodig mann, som terpa plogsving og vektbalanse med fløyelsrøst sjølv om avstanden mellom teori og praksis hjå utøvaren tidvis var stor.

Kvelden vart tilbragt på hytta med treretters middag, god vin og hyggeleg selskap med gode kollegaer. Det viser seg at NE har tilsette med svært mange talent!

Søndag reiste me til Havsdalen, der eg fekk ei løype nesten for meg sjølv. Vanskelighetsgraden steig ein heil del i det eg ytterst nølande våga meg forbi kanten på det som framsto som tilnærma fritt fall. (Haraldsen kunne korrigera mi oppfatning på dette punktet med å konstatera at utforløypa mi i realiteten var ein lett raud bakke.) Medan Dag sine instruksjonar frå gårsdagen raste gjennom hovudet, sikksakka eg meg nedover bakken i dens fulle bredde. Snodig nok fekk eg meg nokre aha-opplevingar i forhold til teknikken i denne bakken, ettersom skilnaden på riktig teknikk og nesten riktig teknikk vart langt klarare når bakken var brattare. Etterkvart fekk eg difor betre kontroll og farten ned bakken auka. Mot slutten av dagen var jo dette til og med blitt direkte morro! Når det gjeld utviklinga av skiferdighetane gjennom helga kan det vel enklast oppsummerast slik:
A small step for man - a giant leap for Catoman

Også telemarkskøyrarane hadde hadde stort utbytte av dagane i bakkane, og det var såleis ein svært nøgd gjeng som tok til på den lange vegen heim etter ein flott tur på fjellet!!!

onsdag 11. november 2009

SATS fungerer

Onsdag hadde NEIBIL sin vanlege stoltzetur, og ettersom orienteringssesongen for lengst er avslutta er ein nærast programforplikta til å delta. Dei siste vekene har stoltzeklyvingane vore av den heller rolege sorten, der det faktisk også har vore mogeleg å nyta utsikten undervegs. Denne gongen ver imidlertid tida inne til å testa formen.

Eg gjekk difor ut med ein eplekjekk start fram til steintrappene starta før eg la om til gange med doble trinn pr. steg. Til mi store overrasking gjekk dette uventa greit, trass i at lufta var langt kaldare enn eg pleier å setja pris på. Pulsklokka var sjølvsagt på plass, og avslørte at eg før tretrappene låg 12 sekund framfor min tidlegare rekord. Ved målgang hadde dette krympa til usle eitt sekund. Ny personleg (uoffisiell) stoltzerekord lyder difor no på 12:32. Nok ein gong kan ein difor konkludera med at høgpuls- og intervalltimane på SATS faktisk fungerer...

laurdag 31. oktober 2009

Endelig!


Endelig er aktiv med jobben aksjonen avslutta. Stegteljaren har no avgått med døden, og champagnen er spretta! Det har blitt snaue 750000 steg i konkurranseperioden, noko som ser ut til å bidra til at laget laget får ein forholdsvis hyggeleg plassering i den nasjonale konkurransen. Spenninga blir no om Maja har droppa søvn og familie for å ta igjen min lille margin dei siste to dagane. Uansett er det med eit lettelsens sukk at joggeskoene no vert plassert på hylla i ein periode!



Men - rett skal vera rett. Det har faktisk blitt nokre fine turar også. Forrige helg vart det nok ein tur over vidda, men denne gong rusla eg bort til Menneskerettighetsvarden, med fantastisk utsikt ned mot Bergen og utover vidda. I tillegg har eg vore på tur til Dronninga og på skogsvegane nedover mot Ask. Dette viste seg jo å vera eit fint turområde som nok vert besøkt igjen når den verste senebetennelsen har lagt seg...

søndag 18. oktober 2009

Aktiv med jobben

Også i år har eg meldt meg på Aktiv med jobben-aksjonen. Kort fortalt går dette ut på å samla mest mogeleg steg i løpet av ein måned. Needless to say våkner konkurranseinstinktet blant NE'arar, og innsatsen er stor når me går inn i andre halvdel av konkurransen.

På laurdag drog me difor på oss joggesko og la i veg frå Svartediket, over vidda til Ulriken i strålande vêr. Dagen vart avslutta med alternativ stegsanking på ein av Bergens utestader utover kvelden, og totalen kom opp i heile 54000 steg - som er personleg dagsrekord. Dessverre hadde både Maja og Åse endå betre resultat denne dagen, så også søndagen måtte brukast for å halda damene bak meg på statistikken. Totalt traska eg i overkant av 100000 steg frå fredag til søndag, så dette endte opp som ei svært god treningshelg.

tysdag 13. oktober 2009

Langhelg i Berlin

Har hatt ei flott langhelg i Berlin, som var bursdagspresangen til mamma i år. På den korte tida fekk me med oss det viktigaste - tv tårnet, unter den Linden, Brandenburger Tor, Riksdagsbygningen, samt nokre museum. I tillegg klarte eg å lura inn ein joggetur i Tiergarten før frokost ;) Totalt gjekk me godt over 60000 steg, som vart nøye loggført pga aktiv med jobben-aksjonen..... (puh)

torsdag 1. oktober 2009

Den ultimate sykkelopplevinga


Så er den ultimate sykkelopplevinga bestilt! 9. juli reiser eg saman med Åse og Maja til Dolomittane - ei gruppe på 30 fjellmassiv i Italias mest naturskjønne fjellområder. 646 kilometer og 14692 høgdemeter fordelt på åtte dagsetappar. Tenkjer lårmusklane skal få kjørt seg på denne turen! Høgaste pass er Passo dello Stelvio med sine 2767 meter.  
Dette blir fantastisk!

Berre for å gje eit lite inntrykk av motebakkane som venter, kan ein jo kikka på biletet under. Den som skulle vera frista til å hevda at me velger ei lett reise, er velkommen til å følga med!


Du kan lesa meir om turen på BergOdal

laurdag 26. september 2009

Stoltzekleiven opp 2009 - før og etter

Så er bileta frå Stoltzen kommen. Dei frykta før og etter bileta var heldigvis ikkje så ille som frykta.

Verre var det med filminga både på BTV og NRK. Ikkje fred å få i denne konkurransen!

Heldigvis vart berre ein del av klippet brukt i innslaget:
NRK Hordaland sitt Stoltzeinnslag

Ikkje noko å seia på oppvarminga her ;o)

Ellers har BA bilete av NEIBIL-gjengen. Knallbra stemning på toppen!


Min profil på Stoltzen.no


fredag 25. september 2009

Stoltzekleiven opp 2009

Har løpt Stoltzekleiven opp 2009 i dag. NE stiller med heile 18 personer i løpet, og me hadde start like etter Storm Weather Center. Dette medførte sjølvsagt stor oppmerksomhet i startområdet, med kamerateam frå NRK og ymse fotografering. Ser ikkje bort frå at NEIBIL ender opp som linselus på eit innslag ein stad. ;o)

Resultatet vart 12:33, som er ei forbetring på 54 sekund på forrige personlege rekord. Er sjølvsagt strålande fornøyd!!!

søndag 20. september 2009

Regatta i Fanafjorden

NEIBIL utvider til stadig nye idrettsgreiner. Denne gong er Kaptein Olav på regatta med fokkeslaskane Maja og Haraldsen, samt storseglsslasken Cato. Som seg hør og bør jakter me på nedtsistebåten. Ansvaret for plasseringa er trygt plassert hjå fokkeslaskane ;) Stemningen er pressa, og trugsmål om kjølhaling og mytteri heng mellom mannskapet.

torsdag 10. september 2009

Java Zone - dag 2

Dagen starta hardt og brutalt med teknisk foredrag om garbage collection, harde-, mjuke-, svake- og fantom- relasjonar. Drepande interessant. Fortsatte med lightning talks, som viste seg å vera eit interessant konsept.

Satser ellers hardt på å vinna WebStep sin konkurranse der premien er eitt år abonnement på CityMaid. Ikkje sikker på om eg er den mest verdige vinnar, men hevder meg knskje sterkt som trengande vinnar ;)

onsdag 9. september 2009

Java Zone er i gang!

Denne gong går turen til Java Zone. Programmet er tettpakka, og storleiken på arrangementet er faktisk litt imponerande. Biletet under er frå opningssermonien.
Program er å finna på www.javazone.no
Prøver å få med meg litt om smidig bygging og utrulling, samt litt om cloud computing og konfigurasjon i løpet av dagen.

torsdag 3. september 2009

FRAMME

Vekking kl. 04:00 i dag for å nå samlinga. Det gjekk med ein halv timers margin.
No starter den virkelege utfordringa - å halda seg våken gjennom dagen!

Totalt har me sykla 447km.

onsdag 2. september 2009

Framme - dag 2

Etter 172 km er me no framme på hytta på kvamskogen. Ein våt, men likevel fin sykkeldag!

Venter på transport

No er me kommen til Bruravik, og venter på transport gjennom tunnellen til Granvin. Gode ti mil er tilbakelagt, veret er forholdsvis bra og formen er god.

Dyranut

Lunsj på Dyranut. Dagen starta bra med blå himmel, men alt på Haugastøl begynte regnet. Me var likevel heldige med at motvinden ikkje var for ille. Temperaturen er 6 grader.

tysdag 1. september 2009

Framme

Etter 193km er me no framme på Ustedalen hotell på Geilo. Turen har gått over all forventning. No venter ein sårt tiltrengt dusj, og ein påfølgande velfortent pils :D

Rast på Vik kro

Lunsjpause. 87 km er tilbakelagt. Me er nesten halvvegs...

Pitstop

49 km tilbakelagt. Kort pitstop på Nordesund. So far, so good ;)

måndag 31. august 2009

Frå Sans til Samling

Touren er i gang!
Vi reiser i kveld til Hønefoss med nattog for å sykla tilbake til NE samling i Bergen.
Følg touren på TeamInfoland Blog
Reiseruta er:
  • Tirsdag: Hønefoss - Geilo (180km)
  • Onsdag: Geilo - Kvamskogen (185km)
  • Torsdag: Kvamskogen - Bergen (65km)
Totalt 430km.
For anledningen er Solvangs læresetning er friskt i minnet:
Be ikke om en lett reise, men om en sterk rygg!
Dette må jo bli bra...
(Men for sikkerhets skuld er det pakka eit rikeleg deponi med Naproxen i ryggsekken ;)

søndag 23. august 2009

Hellesøy

I dag gjekk turen frå Markeveien til Hellesøy - ein sykkeltur på 137 km. Deltakarar denne gong var Olav, Terje, Haraldsen og Cato. Det kan endeleg slåast fast at Olav har forlatt amatørsyklistane sine rekker, og er blitt ein råtass på sykkel.

Vêrgudane var med oss, og me slapp unna med litt motvind og nokre få regndråpar på heimvegen. Alt i alt ein flott tur og ein fin prolog til Hønefoss - Bergen.