måndag 19. mars 2012

Vårsleppet

Søndag freista tørre vegar og lettskya himmel til årets første tur på raceren. Min trufaste gamp har vore på langtidskvile sidan me sykla til samling i Flåm i fjor haust, så iveren etter å komma meg på setet igjen var rimeleg stor.

Rammene kring turen var svært gode. Fin temperatur på knappe ti grader og sol frå lettskya himmel i mars var nesten for godt til å vera sant. Omtrent på Ravnavnger bestemte no også vêrgudane seg for å visa musklar. Ei mørk sky nærast sneik seg innpå meg og sørga for at luftfuktigheten i området steig merkbart.

No var eg ikkje tenkt å la eit lite skybrudd avgrensa min første treningstur, så trass regnet vart kursen lagt mot Ramsøy. Dessverre viste det seg at skya over meg var av den skøyale typen, så den slo like godt følge med meg utover mot Ramsøy. Resultatet var at intenst regn vart avløyst av kraftige kastevindar og store hagl. Når ein ligg langflat over styret  utover moloen på Ramsøy i kraftig motvind mens haglet pisker deg i trynet, ja då kjenner du at du lever!

Etter ei kort nødhavn i busskuret på Ramsøy, løyste uvêret seg opp og sola kikka atter fram. Turen heimover vart difor riktig flott, og årets første treningstur kunne loggførast med 5,2 mil.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar