laurdag 1. september 2012

NE samling



Denne hausten hadde NE samling på Voss, og tradisjon tru vart det naturlegvis sykla til samling. Heile 16 syklistar både frå Bergenskontoret og Oslokontoret la difor avgarde tidleg på torsdagen i retning Voss. Vêrmeldingane hadde ikkje gjeve særleg grunn til optimisme, og denne dagen hadde faktisk meteorologane også truffe innertiar på nedbørssida i sine prognosar. Det vart difor ein heller fuktig fornøyelse å ta seg til Voss denne dagen.

No heiter det seg at det ikkje finst dårleg vêr, berre dårlege klede, men den luringen som kokte dette utsagnet i hop sat neppe på sykkelsetet i kontinuerleg bøtteregn over Kvamskogen når optimismen tok overhand. Likevel er det vel ein kime til sanning i dette, og rett skal vera rett - turen til Voss vart på alle andre måtar ein riktig hyggeleg tur. Det er reint imponerande å sjå ei rekkje på 16 spreke syklistar i aksjon!

Laurdag vart sykkel byta ut med raftingbåt på Voss. Dette var ei ny oppleving for mange av oss - meg sjølv inkludert. Det var nok ei viss grad av spenning når me sto klare til å hoppa i elva uniformert med våtdrakter, hjelm og flytevestar. No skal det seiast at tryggleiken sto i fokus, og instruktørane imponerte med full kontroll og kastelinene i beredskap. Når dei verste stryka skulle forserast viste det seg at kastelinene skulle komma i aktiv bruk. Det var på ingen måte enkelt å halda seg ombord i raftingbåtane når vannmassane sende båtane tumlande nedover stryka. Resultatet vart sjølvsagt at ein heil del fekk seg ein symjetur og måtte bukserast opp igjen i båtane etter å ha blitt fanga opp av ei redningsline. Raftinga var på alle måtar ei spennande og morro oppleving som absolutt kan anbefalast. 

laurdag 18. august 2012

Skåla rett opp 2012

Også i år gjekk turen til Loen for å delta i Skåla rett opp saman med fleire gode kollegaer. Dette var andre gongen Skåla skulle forserast, og i motsetnad til i fjor var eg no påmeldt i konkurranseklassen. Dette innebar fellesstart med 7-800 andre deltakarar og offisiell tidtaking.

Å gå skåla i konkurranseklassen var ei heilt annleis oppleving enn å gå i turklassen. Fellesstarten innebar mykje posisjonering og trengsel i starten. Arrangøren hadde lagt opp til at ein skulle plassera seg i startområdet ut frå kva tid ein forventa å starta på, men denne oppfordringa var det nok mange som ikkje fulgte. Det vart såleis vanskeleg og energikrevande å løpa forbi andre deltakarar i ei ellers smal løype. Ein vart på mange måtar låst i ein posisjon, og fekk ikkje gå i eige tempo. Dette fungerte langt betre i turklassen.

Trass i dette gjekk turen oppover raskare enn i fjor, og tap av fart i 'køvandring' vart langt på veg kompensert med at eg i år løp i dei litt mindre bratte partia. Resultatet vart difor ny bestetid på 1:49:57.


Skåla rett opp
Høgdemeter: 1848m
Distanse: 8200m
Stigning: 22,2%

måndag 19. mars 2012

Vårsleppet

Søndag freista tørre vegar og lettskya himmel til årets første tur på raceren. Min trufaste gamp har vore på langtidskvile sidan me sykla til samling i Flåm i fjor haust, så iveren etter å komma meg på setet igjen var rimeleg stor.

Rammene kring turen var svært gode. Fin temperatur på knappe ti grader og sol frå lettskya himmel i mars var nesten for godt til å vera sant. Omtrent på Ravnavnger bestemte no også vêrgudane seg for å visa musklar. Ei mørk sky nærast sneik seg innpå meg og sørga for at luftfuktigheten i området steig merkbart.

No var eg ikkje tenkt å la eit lite skybrudd avgrensa min første treningstur, så trass regnet vart kursen lagt mot Ramsøy. Dessverre viste det seg at skya over meg var av den skøyale typen, så den slo like godt følge med meg utover mot Ramsøy. Resultatet var at intenst regn vart avløyst av kraftige kastevindar og store hagl. Når ein ligg langflat over styret  utover moloen på Ramsøy i kraftig motvind mens haglet pisker deg i trynet, ja då kjenner du at du lever!

Etter ei kort nødhavn i busskuret på Ramsøy, løyste uvêret seg opp og sola kikka atter fram. Turen heimover vart difor riktig flott, og årets første treningstur kunne loggførast med 5,2 mil.