søndag 14. august 2011

Skåla opp 2011

Fredag gjekk turen til Loen for å delta på Skåla opp 2011, eit motbakkeløp på 8,2 kilometer og 1820 høgdemeter. Trass i at veret i Loen var framifrå, med sol i frå skyfri himmel, måtte det pakkast full vinterhabit for å vera rusta for eit noko kaldare og meir forblåst klima 1800 meter lenger oppe.

Med ei vag målsetjing om å komma opp under to timar, var det berre å leggja i veg oppover i eit forsøk på å finna ei rimeleg balanse mellom fart og puls. Som forventa var dette ei tøff løype, der det klart var viktig å syta for at ein avpassa farten slik at ein hadde krefter igjen til toppen. Løypeprofilen viste at det skulle vera nærmast jamn stigning heile vegen, men i realiteten viste dette seg å vera svært misvisande. Øvre tredelen var klart mykje brattare, og det kom vel med at eg ikkje hadde starta for hardt. Med ein kort sluttspurt på toppen, viste klokka 1:56 når målstreken vart kryssa.

Når toppen endeleg var nådd og ulltrøya var på, kunne eg endeleg også få med meg utsikten - og dette var verkeleg eit fantastisk skue. Vêrgudane viste seg frå si beste side og gjorde det heile til ei fantastisk oppleving. Turen nedover vart som venta både bratt og lang. Om beina ikkje protesterte på veg oppover, gav dei klart uttrykk for misnøye i løpet av nedstiginga. Det er vel rimeleg å tru at det var fleire enn eg som hadde noko ustødig gange dei påfølgande dagane...


Trass i lang reise, og eit svært krevande motbakkeløp, var dette verkeleg ei flott helg i Loen i Stryn med mange positive og spreke deltakarar og eit framifrå reisefylgje.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar