Etter ein flott sykkeldag på Rallarvegen i fantastisk natur, er me vel framme i Flåm. Vergudane var nok ein gong med oss, og med unntak av ei lita regnskur var veret upåklageleg. Siste halvdel ende med blå himmel og flotte temperaturar. Ankomsten i Flåm markerer slutten på ein omlag 330 km fantastisk sykkeltur i Noregs finaste natur. Det kan vel nesten ikkje bli betre.
Sendt fra min HTC
søndag 28. august 2011
Dag 2 er unnagjort
Etter ein lang sykkeldag og tilbakelagte 155 km frå Nordheimsund har me sjekka inn på hotellet på Ustaoset. Trass i at regntunge skyer har truga i nærleiken, har me unngått regn heile dagen. Ein svært behageleg temperatur har gjort det mogeleg å sykla i kort heilt opp til Dyranut, før vindjakken vart henta fram. Vel framme på hotellet møter me fleire gode kollegaer som har kommen med tog, eller direkte frå Birken. Me blir difor ein riktig stor og sprek gjeng som starter på Rallarvegen frå Haugastøl i morgon. På Finse kjem også resten av NE'arane, og eg rekner med at me får ein riktig fin tur til Flåm.
Sendt fra min HTC
Sendt fra min HTC
fredag 26. august 2011
Sykle til samling
I år har NE samling på Flåm, og tradisjon tru sykler den harde kjerne til samling. Turen er delt inn i tre etappar: Bergen - Nordheimsund - Ustaoset - Flåm (rallarvegen). Første etappe på drøye ni mil er no gjennomført i svært varierande ver. Dagen har veksla mellom tørre vegar og shorts til kraftig nedbør og tung regnutrustning. Ein noko fuktig avslutning på dagen vart likevel fort gløymt etter ein god middag og eit par velfortjente pils. I morgon går turen vidare til Eidfjord og vidare opp på vidda. Etter å ha sykla ned til Eidfjord fleire gonger, skal eg endeleg få høve til å sykla andre vegen - opp på vidda vestfrå. Dette blir festeleg!
Sendt fra min HTC
Sendt fra min HTC
søndag 14. august 2011
Skåla opp 2011
Fredag gjekk turen til Loen for å delta på Skåla opp 2011, eit motbakkeløp på 8,2 kilometer og 1820 høgdemeter. Trass i at veret i Loen var framifrå, med sol i frå skyfri himmel, måtte det pakkast full vinterhabit for å vera rusta for eit noko kaldare og meir forblåst klima 1800 meter lenger oppe.
Med ei vag målsetjing om å komma opp under to timar, var det berre å leggja i veg oppover i eit forsøk på å finna ei rimeleg balanse mellom fart og puls. Som forventa var dette ei tøff løype, der det klart var viktig å syta for at ein avpassa farten slik at ein hadde krefter igjen til toppen. Løypeprofilen viste at det skulle vera nærmast jamn stigning heile vegen, men i realiteten viste dette seg å vera svært misvisande. Øvre tredelen var klart mykje brattare, og det kom vel med at eg ikkje hadde starta for hardt. Med ein kort sluttspurt på toppen, viste klokka 1:56 når målstreken vart kryssa.
Når toppen endeleg var nådd og ulltrøya var på, kunne eg endeleg også få med meg utsikten - og dette var verkeleg eit fantastisk skue. Vêrgudane viste seg frå si beste side og gjorde det heile til ei fantastisk oppleving. Turen nedover vart som venta både bratt og lang. Om beina ikkje protesterte på veg oppover, gav dei klart uttrykk for misnøye i løpet av nedstiginga. Det er vel rimeleg å tru at det var fleire enn eg som hadde noko ustødig gange dei påfølgande dagane...
Trass i lang reise, og eit svært krevande motbakkeløp, var dette verkeleg ei flott helg i Loen i Stryn med mange positive og spreke deltakarar og eit framifrå reisefylgje.

Abonner på:
Kommentarer (Atom)