Søndag vart bitande kulde bytta ut med sommarvarme i Roma, når BankID inviterte til studietur. Sidan Norwegian har direkterute frå Bergen med avgang 06:30, vart det høve til å bedriva litt sightseeing før programmet starta. Sjølv om Roma har vore besøkt nokre gongar før, er det på ingen måte noko problem å bruka nokre dagar i denne byen. Ein ny vri denne gongen var å bruka Segway for å ta seg fram mellom dei ulike attraksjonane. Svært uvant, men frykteleg morro. Med eit interessant fagleg program og ei framifrå sosial ramme, vart dette ein flott studietur.
torsdag 20. oktober 2011
søndag 25. september 2011
Så var det atter tid for Stoltzekleiven opp, og i år stilte NE mann/kvinnesterke opp med heile 18 deltakarar. Uniformert i orange t-skjorter var me godt synlege i løypa. For eigen del var eg alt anna enn trygg på Stoltzeformen i år, etter ein litt for bedagelegt anlagt sommar. Målet i år var difor å halda meg innanfor 12-talet. Løypeendringane, saman med at Stoltzen har vore stengt i lang tid var i seg sjølv ei usikkerhet i forhold til resultatet. Det var leeeenge sidan sist Stoltzen var passert for min del.
Som vanlegvar det jo berre å bita tenna saman når vakten i starten av løypa starta nedtellinga. Fem - fire - tre - to - ein - GÅ. Etter det er det ikkje så mange inntrykk som heng igjen før eg nok ein gong stifter eit nært bekjentskap med rekkverket like etter mållina. Det fine med Stoltzen opp er at ein med brutal sekundspresisjon får klar tilbakemelding på eige formnivå. I år fortalte fasiten at eg er i ni sekunds dårlegare form i år enn i fjor, med sluttid på 12:20. Det skulle vel berre bety at det er å leggja seg i selen til neste års konkurranse for å henga med i konkurransen med eit stadig voksande tal NE'arar med uforskamma gode tider.

søndag 28. august 2011
Framme i Flåm
Etter ein flott sykkeldag på Rallarvegen i fantastisk natur, er me vel framme i Flåm. Vergudane var nok ein gong med oss, og med unntak av ei lita regnskur var veret upåklageleg. Siste halvdel ende med blå himmel og flotte temperaturar. Ankomsten i Flåm markerer slutten på ein omlag 330 km fantastisk sykkeltur i Noregs finaste natur. Det kan vel nesten ikkje bli betre.
Sendt fra min HTC
Sendt fra min HTC
Dag 2 er unnagjort
Etter ein lang sykkeldag og tilbakelagte 155 km frå Nordheimsund har me sjekka inn på hotellet på Ustaoset. Trass i at regntunge skyer har truga i nærleiken, har me unngått regn heile dagen. Ein svært behageleg temperatur har gjort det mogeleg å sykla i kort heilt opp til Dyranut, før vindjakken vart henta fram. Vel framme på hotellet møter me fleire gode kollegaer som har kommen med tog, eller direkte frå Birken. Me blir difor ein riktig stor og sprek gjeng som starter på Rallarvegen frå Haugastøl i morgon. På Finse kjem også resten av NE'arane, og eg rekner med at me får ein riktig fin tur til Flåm.
Sendt fra min HTC
Sendt fra min HTC
fredag 26. august 2011
Sykle til samling
I år har NE samling på Flåm, og tradisjon tru sykler den harde kjerne til samling. Turen er delt inn i tre etappar: Bergen - Nordheimsund - Ustaoset - Flåm (rallarvegen). Første etappe på drøye ni mil er no gjennomført i svært varierande ver. Dagen har veksla mellom tørre vegar og shorts til kraftig nedbør og tung regnutrustning. Ein noko fuktig avslutning på dagen vart likevel fort gløymt etter ein god middag og eit par velfortjente pils. I morgon går turen vidare til Eidfjord og vidare opp på vidda. Etter å ha sykla ned til Eidfjord fleire gonger, skal eg endeleg få høve til å sykla andre vegen - opp på vidda vestfrå. Dette blir festeleg!
Sendt fra min HTC
Sendt fra min HTC
søndag 14. august 2011
Skåla opp 2011
Fredag gjekk turen til Loen for å delta på Skåla opp 2011, eit motbakkeløp på 8,2 kilometer og 1820 høgdemeter. Trass i at veret i Loen var framifrå, med sol i frå skyfri himmel, måtte det pakkast full vinterhabit for å vera rusta for eit noko kaldare og meir forblåst klima 1800 meter lenger oppe.
Med ei vag målsetjing om å komma opp under to timar, var det berre å leggja i veg oppover i eit forsøk på å finna ei rimeleg balanse mellom fart og puls. Som forventa var dette ei tøff løype, der det klart var viktig å syta for at ein avpassa farten slik at ein hadde krefter igjen til toppen. Løypeprofilen viste at det skulle vera nærmast jamn stigning heile vegen, men i realiteten viste dette seg å vera svært misvisande. Øvre tredelen var klart mykje brattare, og det kom vel med at eg ikkje hadde starta for hardt. Med ein kort sluttspurt på toppen, viste klokka 1:56 når målstreken vart kryssa.
Når toppen endeleg var nådd og ulltrøya var på, kunne eg endeleg også få med meg utsikten - og dette var verkeleg eit fantastisk skue. Vêrgudane viste seg frå si beste side og gjorde det heile til ei fantastisk oppleving. Turen nedover vart som venta både bratt og lang. Om beina ikkje protesterte på veg oppover, gav dei klart uttrykk for misnøye i løpet av nedstiginga. Det er vel rimeleg å tru at det var fleire enn eg som hadde noko ustødig gange dei påfølgande dagane...
Trass i lang reise, og eit svært krevande motbakkeløp, var dette verkeleg ei flott helg i Loen i Stryn med mange positive og spreke deltakarar og eit framifrå reisefylgje.

søndag 26. juni 2011
Windsurfing på Rhodos
Laurdag sette Morten og eg kurs mot Rhodos for å delta på windsurfingkurs med Guy Cribb. Etter mange segleturar på Herdla, skulle våtdrakt bytast ut med surfeshorts og behagelege temperaturar på Prasonisi beach.
Etter ein lang reisedag på laurdagen, hadde me ein mjuk start på søndag der me fekk sigla litt før sjølve kurset starta. Med leigebrett under armen var det berre å finna seg eit høveleg segl og komma seg utpå. Dette var saker! Me oppdaga fort at vinden på Prasonisi beach varierte ein heil del, og at sigla måtte bytast forholdsvis ofte for å kompensera for varierande vind. Dette medførte at 'strandslavane' ved utleigesenteret fekk kjørt seg ved kvart vindskifte når alle skulle byta segl. For vår del fekk me mulighet til å testa ut ulike seglstorleikar, og for første gong fekk eg testa ut eit lite beist av ein rigg på 7,8 kvm.
Måndag starta sjølve kurset med Guy Cribb. Med mellom anna tolv britisk meistertitlar i lomma, skulle det ikkje vera tvil om at mannen visste kva han snakker om når det gjeld windsurfing. Opplegget viste seg også å vera svært bra. Gode leksjonar på stranda vart etterfulgt med praksis på sjøen, og med kyndig veiledning kunne ein jo berre gleda seg over at også ferdighetane raskt vart betre. Framfor alt vart det lagt vekt på å ha det fantastisk morro på brettet når ettermiddagsvinden tok seg opp mot slutten av dagen. Nyvunnen kunnskap vart praktisert, og fartsrekordar vart sett. Alt i alt ei svært lærerik, sosial og fantastisk morro veke.
søndag 8. mai 2011
Ei helg i windsurfingens namn
Ei fantastisk helg går mot slutten, og me har endeleg fått ein flott forsmak på sommaren med behagelege temperaturer på 20-talet. Med litt forsiktig vind på laurdagen, var mulighetane gode til å trena litt teknikk. Dagen vart brukt godt, og litt subjektivt sett, var framgangen god.
Dette kom eigentleg godt med på søndagen, der vinden var langt friskare. Vanskelighetsgraden aukte, og fokus gjekk naturleg nok frå teknikk-trening til fart. Og endeleg kom eg forbi punktet der eg nesten har kommen på plan til faktisk å plana skikkeleg. Her gjekk det unna, og med armer som no er minst fire cm lengre enn før, var det berre å tvihalda i bommen. Meir eller mindre (helst mindre) kontrollert nærmast spratt eg frå bølgetopp til neste i nifst tempo - dette var festelege saker!!! Når eg etterkvart klarte å leggja inn litt styring i tillegg vart jo dette bra - men uhyre slitsomt. Her trengs det øving, og ikkje minst teknikk på å få med trapesen slik at armane kan få litt kvile. Øving gjer vel meister, og heldigvis ligg heile sommaren framfor oss!

tysdag 19. april 2011
Det er vår!
Snø og kuldegrader ser endeleg ut til å vera historie, og sommaraktivitetane freister. Min trufaste gamp er teken fram frå kjellaren og vårpuss med påfølgande obligatoriske prøvetur er fullført. Det er jammen godt det går mot sommar og varmare tider! Men like sikkert som vårsleppet på landevegen, starter også sykkelmafiaen på NE 'hent ein kollega på jobb' aksjonen - sjølvsagt på sykkel. Det er med andre ord ingen grunn til å kjenna seg for trygg ;)
I tillegg til at sykkelen er henta fram, har også windsurfingsesongen så smått starta. Med nyinnkjøpt tørrdrakt (våtdrakta freista på mange måtar ikkje så veldig akkurat no) har iherdige forsøk på å finna fram igjen fjorårets kunnskap starta. Etter ein heller vanskeleg start begynner det heile å gå seg til. Med ein lang sommar framfor oss, ser eg fram til ein riktig bra sesong i vindkasta på Herdla!

fredag 4. februar 2011
Flott tur på Ål
Onsdag gjekk turen til Ål. Etter fleire dagar med stengde fjellovergangar, viste fjellet seg fra si beste side når me passerte.
Medan me høyrer om dårleg vêr på vestlandet, har me her hatt blå himmel, lite vind og nokre få minusgrader. Perfekt vêr og føre. Torsdag prøvde me ut nedoverbakkane på Ål, medan dagen i dag vart tilbragt i turløypene. Flott innsats frå både store og små.

Abonner på:
Kommentarer (Atom)