laurdag 19. desember 2009

Statsraaden kjem heim


Like før klokka 12 sjekka eg ut frå Thon hotell Bryggen, godt innpakka for å stå imot eit iskaldt snødrev som vêrgudane hadde bestemt seg for å plaga Bergen by med. Sanseapparatet kan nok teknast at var noko svekka etter gårsdagens hyggelege julelunsj, som varte til langt på natt. Så når eg bestemt meinte at eg hørte song i det fjerne var eg like ved å avskriva det som kreativ øresus. I dette vêret skulle ein tru at dei fleste hadde fornuft nok til å søkja ly, og langt mindre syngja for full hals. Men øyrene laug ikkje - det var bestemt song eg hørte, nærare bestemt mannsrøyster - mange mannsrøyster.

Etter å ha rusla eit lite stykke opnebarer kjelda for denne uventa overraskinga seg. Inn vågen sigler Statsraad Lehmkuhl med mannskapet oppstilt i stormasta medan dei syng:
It's time for us to leave Her!

I snødrev og bitande kulde er dette eit mektig syn, og framstår som noko av det mest råstilige eg nokon sinne har sett. Solvang hadde utan tvil vore stolt over opptrinnet, og det er ikkje fritt for at erkebergenske kjensler vakna sjølv i ein Askøystril på kaikanten denne dagen. Frå tomme intet strøymer hutrande bergensarar til, og Statsraaden legg til kai til applaus frå ei etterkvart stor gruppe tilhøyrarar. Ein skulle nesten tru at det framleis strøymer ørlite saltvatn i blodårene på vestlendingane...

måndag 7. desember 2009

Skitur


Noko motvillig har eg nok måtta vedgå at vinteren er her, og sykkelen er for lengst innvintra i kjellaren. Når Åse, Maja og Harald hadde overtalt Dag til å vera skiinstruktør,var eg ikkje veldig vanskeleg å be om å bli med på turen til hytta på Ål. Mine skiferdigheter er som kjent ytterst avgrensa, så det ville vel neppe komma eit betre høve til å læra seg dette enn når ein har eigen skiinstruktør med på turen.

Med tidleg start frå hytta, gjekk turen til Vestlia på Geilo på laurdag. Medan dei andre starta å finpussa telemarkskøyringa si, fekk eg kyndig veiledning frå Dag - slik at barnebakken kunne forserast utan risiko for liv og helse. Etter forbausande kort tid flytta me oss opp i bakkane for dei store jentene og gutane, og etterkvart var også den grøne løypa litt midre trugande. Dag viste seg å vera ein tålmodig mann, som terpa plogsving og vektbalanse med fløyelsrøst sjølv om avstanden mellom teori og praksis hjå utøvaren tidvis var stor.

Kvelden vart tilbragt på hytta med treretters middag, god vin og hyggeleg selskap med gode kollegaer. Det viser seg at NE har tilsette med svært mange talent!

Søndag reiste me til Havsdalen, der eg fekk ei løype nesten for meg sjølv. Vanskelighetsgraden steig ein heil del i det eg ytterst nølande våga meg forbi kanten på det som framsto som tilnærma fritt fall. (Haraldsen kunne korrigera mi oppfatning på dette punktet med å konstatera at utforløypa mi i realiteten var ein lett raud bakke.) Medan Dag sine instruksjonar frå gårsdagen raste gjennom hovudet, sikksakka eg meg nedover bakken i dens fulle bredde. Snodig nok fekk eg meg nokre aha-opplevingar i forhold til teknikken i denne bakken, ettersom skilnaden på riktig teknikk og nesten riktig teknikk vart langt klarare når bakken var brattare. Etterkvart fekk eg difor betre kontroll og farten ned bakken auka. Mot slutten av dagen var jo dette til og med blitt direkte morro! Når det gjeld utviklinga av skiferdighetane gjennom helga kan det vel enklast oppsummerast slik:
A small step for man - a giant leap for Catoman

Også telemarkskøyrarane hadde hadde stort utbytte av dagane i bakkane, og det var såleis ein svært nøgd gjeng som tok til på den lange vegen heim etter ein flott tur på fjellet!!!