laurdag 1. september 2012

NE samling



Denne hausten hadde NE samling på Voss, og tradisjon tru vart det naturlegvis sykla til samling. Heile 16 syklistar både frå Bergenskontoret og Oslokontoret la difor avgarde tidleg på torsdagen i retning Voss. Vêrmeldingane hadde ikkje gjeve særleg grunn til optimisme, og denne dagen hadde faktisk meteorologane også truffe innertiar på nedbørssida i sine prognosar. Det vart difor ein heller fuktig fornøyelse å ta seg til Voss denne dagen.

No heiter det seg at det ikkje finst dårleg vêr, berre dårlege klede, men den luringen som kokte dette utsagnet i hop sat neppe på sykkelsetet i kontinuerleg bøtteregn over Kvamskogen når optimismen tok overhand. Likevel er det vel ein kime til sanning i dette, og rett skal vera rett - turen til Voss vart på alle andre måtar ein riktig hyggeleg tur. Det er reint imponerande å sjå ei rekkje på 16 spreke syklistar i aksjon!

Laurdag vart sykkel byta ut med raftingbåt på Voss. Dette var ei ny oppleving for mange av oss - meg sjølv inkludert. Det var nok ei viss grad av spenning når me sto klare til å hoppa i elva uniformert med våtdrakter, hjelm og flytevestar. No skal det seiast at tryggleiken sto i fokus, og instruktørane imponerte med full kontroll og kastelinene i beredskap. Når dei verste stryka skulle forserast viste det seg at kastelinene skulle komma i aktiv bruk. Det var på ingen måte enkelt å halda seg ombord i raftingbåtane når vannmassane sende båtane tumlande nedover stryka. Resultatet vart sjølvsagt at ein heil del fekk seg ein symjetur og måtte bukserast opp igjen i båtane etter å ha blitt fanga opp av ei redningsline. Raftinga var på alle måtar ei spennande og morro oppleving som absolutt kan anbefalast. 

laurdag 18. august 2012

Skåla rett opp 2012

Også i år gjekk turen til Loen for å delta i Skåla rett opp saman med fleire gode kollegaer. Dette var andre gongen Skåla skulle forserast, og i motsetnad til i fjor var eg no påmeldt i konkurranseklassen. Dette innebar fellesstart med 7-800 andre deltakarar og offisiell tidtaking.

Å gå skåla i konkurranseklassen var ei heilt annleis oppleving enn å gå i turklassen. Fellesstarten innebar mykje posisjonering og trengsel i starten. Arrangøren hadde lagt opp til at ein skulle plassera seg i startområdet ut frå kva tid ein forventa å starta på, men denne oppfordringa var det nok mange som ikkje fulgte. Det vart såleis vanskeleg og energikrevande å løpa forbi andre deltakarar i ei ellers smal løype. Ein vart på mange måtar låst i ein posisjon, og fekk ikkje gå i eige tempo. Dette fungerte langt betre i turklassen.

Trass i dette gjekk turen oppover raskare enn i fjor, og tap av fart i 'køvandring' vart langt på veg kompensert med at eg i år løp i dei litt mindre bratte partia. Resultatet vart difor ny bestetid på 1:49:57.


Skåla rett opp
Høgdemeter: 1848m
Distanse: 8200m
Stigning: 22,2%

måndag 19. mars 2012

Vårsleppet

Søndag freista tørre vegar og lettskya himmel til årets første tur på raceren. Min trufaste gamp har vore på langtidskvile sidan me sykla til samling i Flåm i fjor haust, så iveren etter å komma meg på setet igjen var rimeleg stor.

Rammene kring turen var svært gode. Fin temperatur på knappe ti grader og sol frå lettskya himmel i mars var nesten for godt til å vera sant. Omtrent på Ravnavnger bestemte no også vêrgudane seg for å visa musklar. Ei mørk sky nærast sneik seg innpå meg og sørga for at luftfuktigheten i området steig merkbart.

No var eg ikkje tenkt å la eit lite skybrudd avgrensa min første treningstur, så trass regnet vart kursen lagt mot Ramsøy. Dessverre viste det seg at skya over meg var av den skøyale typen, så den slo like godt følge med meg utover mot Ramsøy. Resultatet var at intenst regn vart avløyst av kraftige kastevindar og store hagl. Når ein ligg langflat over styret  utover moloen på Ramsøy i kraftig motvind mens haglet pisker deg i trynet, ja då kjenner du at du lever!

Etter ei kort nødhavn i busskuret på Ramsøy, løyste uvêret seg opp og sola kikka atter fram. Turen heimover vart difor riktig flott, og årets første treningstur kunne loggførast med 5,2 mil.

torsdag 20. oktober 2011

Roma

Søndag vart bitande kulde bytta ut med sommarvarme i Roma, når BankID inviterte til studietur. Sidan Norwegian har direkterute frå Bergen med avgang 06:30, vart det høve til å bedriva litt sightseeing før programmet starta. Sjølv om Roma har vore besøkt nokre gongar før, er det på ingen måte noko problem å bruka nokre dagar i denne byen.  Ein ny vri denne gongen var å bruka Segway for å ta seg fram mellom dei ulike attraksjonane. Svært uvant, men frykteleg morro. Med eit interessant fagleg program og ei framifrå sosial ramme, vart dette ein flott studietur.


søndag 25. september 2011

Så var det atter tid for Stoltzekleiven opp, og i år stilte NE mann/kvinnesterke opp med heile 18 deltakarar. Uniformert i orange t-skjorter var me godt synlege i løypa. For eigen del var eg alt anna enn trygg på Stoltzeformen i år, etter ein litt for bedagelegt anlagt sommar. Målet i år var difor å halda meg innanfor 12-talet. Løypeendringane, saman med at Stoltzen har vore stengt i lang tid var i seg sjølv ei usikkerhet i forhold til resultatet. Det var leeeenge sidan sist Stoltzen var passert for min del.

Som vanlegvar det jo berre å bita tenna saman når vakten i starten av løypa starta nedtellinga. Fem - fire - tre - to - ein - . Etter det er det ikkje så mange inntrykk som heng igjen før eg nok ein gong stifter eit nært bekjentskap med rekkverket like etter mållina. Det fine med Stoltzen opp er at ein med brutal sekundspresisjon får klar tilbakemelding på eige formnivå. I år fortalte fasiten at eg er i ni sekunds dårlegare form i år enn i fjor, med sluttid på 12:20. Det skulle vel berre bety at det er å leggja seg i selen til neste års konkurranse for å henga med i konkurransen med eit stadig voksande tal NE'arar med uforskamma gode tider.

søndag 28. august 2011

Framme i Flåm

Etter ein flott sykkeldag på Rallarvegen i fantastisk natur, er me vel framme i Flåm. Vergudane var nok ein gong med oss, og med unntak av ei lita regnskur var veret upåklageleg. Siste halvdel ende med blå himmel og flotte temperaturar. Ankomsten i Flåm markerer slutten på ein omlag 330 km fantastisk sykkeltur i Noregs finaste natur. Det kan vel nesten ikkje bli betre.

Sendt fra min HTC

Dag 2 er unnagjort

Etter ein lang sykkeldag og tilbakelagte 155 km frå Nordheimsund har me sjekka inn på hotellet på Ustaoset. Trass i at regntunge skyer har truga i nærleiken, har me unngått regn heile dagen. Ein svært behageleg temperatur har gjort det mogeleg å sykla i kort heilt opp til Dyranut, før vindjakken vart henta fram. Vel framme på hotellet møter me fleire gode kollegaer som har kommen med tog, eller direkte frå Birken. Me blir difor ein riktig stor og sprek gjeng som starter på Rallarvegen frå Haugastøl i morgon. På Finse kjem også resten av NE'arane, og eg rekner med at me får ein riktig fin tur til Flåm.

Sendt fra min HTC