laurdag 1. september 2012

NE samling



Denne hausten hadde NE samling på Voss, og tradisjon tru vart det naturlegvis sykla til samling. Heile 16 syklistar både frå Bergenskontoret og Oslokontoret la difor avgarde tidleg på torsdagen i retning Voss. Vêrmeldingane hadde ikkje gjeve særleg grunn til optimisme, og denne dagen hadde faktisk meteorologane også truffe innertiar på nedbørssida i sine prognosar. Det vart difor ein heller fuktig fornøyelse å ta seg til Voss denne dagen.

No heiter det seg at det ikkje finst dårleg vêr, berre dårlege klede, men den luringen som kokte dette utsagnet i hop sat neppe på sykkelsetet i kontinuerleg bøtteregn over Kvamskogen når optimismen tok overhand. Likevel er det vel ein kime til sanning i dette, og rett skal vera rett - turen til Voss vart på alle andre måtar ein riktig hyggeleg tur. Det er reint imponerande å sjå ei rekkje på 16 spreke syklistar i aksjon!

Laurdag vart sykkel byta ut med raftingbåt på Voss. Dette var ei ny oppleving for mange av oss - meg sjølv inkludert. Det var nok ei viss grad av spenning når me sto klare til å hoppa i elva uniformert med våtdrakter, hjelm og flytevestar. No skal det seiast at tryggleiken sto i fokus, og instruktørane imponerte med full kontroll og kastelinene i beredskap. Når dei verste stryka skulle forserast viste det seg at kastelinene skulle komma i aktiv bruk. Det var på ingen måte enkelt å halda seg ombord i raftingbåtane når vannmassane sende båtane tumlande nedover stryka. Resultatet vart sjølvsagt at ein heil del fekk seg ein symjetur og måtte bukserast opp igjen i båtane etter å ha blitt fanga opp av ei redningsline. Raftinga var på alle måtar ei spennande og morro oppleving som absolutt kan anbefalast.