Så var det atter tid for Stoltzekleiven opp, og i år stilte NE mann/kvinnesterke opp med heile 18 deltakarar. Uniformert i orange t-skjorter var me godt synlege i løypa. For eigen del var eg alt anna enn trygg på Stoltzeformen i år, etter ein litt for bedagelegt anlagt sommar. Målet i år var difor å halda meg innanfor 12-talet. Løypeendringane, saman med at Stoltzen har vore stengt i lang tid var i seg sjølv ei usikkerhet i forhold til resultatet. Det var leeeenge sidan sist Stoltzen var passert for min del.
Som vanlegvar det jo berre å bita tenna saman når vakten i starten av løypa starta nedtellinga. Fem - fire - tre - to - ein - GÅ. Etter det er det ikkje så mange inntrykk som heng igjen før eg nok ein gong stifter eit nært bekjentskap med rekkverket like etter mållina. Det fine med Stoltzen opp er at ein med brutal sekundspresisjon får klar tilbakemelding på eige formnivå. I år fortalte fasiten at eg er i ni sekunds dårlegare form i år enn i fjor, med sluttid på 12:20. Det skulle vel berre bety at det er å leggja seg i selen til neste års konkurranse for å henga med i konkurransen med eit stadig voksande tal NE'arar med uforskamma gode tider.
søndag 25. september 2011
Abonner på:
Kommentarer (Atom)
