søndag 26. juni 2011

Windsurfing på Rhodos



Laurdag sette Morten og eg kurs mot Rhodos for å delta på windsurfingkurs med Guy Cribb. Etter mange segleturar på Herdla, skulle våtdrakt bytast ut med surfeshorts og behagelege temperaturar på Prasonisi beach.

Etter ein lang reisedag på laurdagen, hadde me ein mjuk start på  søndag der me fekk sigla litt før sjølve kurset starta. Med leigebrett under armen var det berre å finna seg eit høveleg segl og komma seg utpå. Dette var saker! Me oppdaga fort at vinden på Prasonisi beach varierte ein heil del, og at sigla måtte bytast forholdsvis ofte for å kompensera for varierande vind. Dette medførte at 'strandslavane' ved utleigesenteret fekk kjørt seg ved kvart vindskifte når alle skulle byta segl. For vår del fekk me mulighet til å testa ut ulike seglstorleikar, og for første gong fekk eg testa ut eit lite beist av ein rigg på 7,8 kvm.

Måndag starta sjølve kurset med Guy Cribb. Med mellom anna tolv britisk meistertitlar i lomma, skulle det ikkje vera tvil om at mannen visste kva han snakker om når det gjeld windsurfing. Opplegget viste seg også å vera svært bra. Gode leksjonar på stranda vart etterfulgt med praksis på sjøen, og med kyndig veiledning kunne ein jo berre gleda seg over at også ferdighetane raskt vart betre. Framfor alt vart det lagt vekt på å ha det fantastisk morro på brettet når ettermiddagsvinden tok seg opp mot slutten av dagen. Nyvunnen kunnskap vart praktisert, og fartsrekordar vart sett. Alt i alt ei svært lærerik, sosial og fantastisk morro veke.