Snø og kuldegrader ser endeleg ut til å vera historie, og sommaraktivitetane freister. Min trufaste gamp er teken fram frå kjellaren og vårpuss med påfølgande obligatoriske prøvetur er fullført. Det er jammen godt det går mot sommar og varmare tider! Men like sikkert som vårsleppet på landevegen, starter også sykkelmafiaen på NE 'hent ein kollega på jobb' aksjonen - sjølvsagt på sykkel. Det er med andre ord ingen grunn til å kjenna seg for trygg ;)
I tillegg til at sykkelen er henta fram, har også windsurfingsesongen så smått starta. Med nyinnkjøpt tørrdrakt (våtdrakta freista på mange måtar ikkje så veldig akkurat no) har iherdige forsøk på å finna fram igjen fjorårets kunnskap starta. Etter ein heller vanskeleg start begynner det heile å gå seg til. Med ein lang sommar framfor oss, ser eg fram til ein riktig bra sesong i vindkasta på Herdla!
tysdag 19. april 2011
Abonner på:
Kommentarer (Atom)

