Så var det atter tid for Stoltzekleiven opp. I år var eg svært usikker på stoltzeformen, sidan eg ikkje har vore i nærheten av Stoltzekleiven sidan tidleg i vår.
Etter mykje om og men (og annonsering i BT) klarte eg å få meg startnummer på lørdagsløpet. 09:38:10 sto eg difor på startstreken for å gjennomføra min andre offisielle stoltzekonkurranse.
Etter å ha analysert strekktidene frå i fjor, der det tydeleg framgjekk at eg hadde teke det for roleg i det første strekket, gjekk eg langt meir offensivt ut i år. Resultatet vart naturlegvis at det vart eit reint blodsslit lenger oppe i løypa, men alt i alt trur eg nok likevel at taktikken var god. Resultatet vart i alle fall ny personleg rekord med tida 12.11.
laurdag 25. september 2010
onsdag 1. september 2010
Image is everything.....
Og kva kan vel vera meir passande enn windsurfing. Rett skal no vera rett - å sjå mine vaglande forsøk på å halda meg oppå dette vaklevorne brettet slår ein kanskje ikkje som spesielt imagebyggande , men brettet tar seg om ikkje anna svært bra ut på bilen!
Heilt ille er det no likevel ikkje. Faktisk var det lettare å komma i gang enn eg først hadde rekna med. Dette er nok mykje takka Morten som har fungert som tålmodig læremeistar i windsurfingens teknikkar. Det er faktisk forbetring å spora for kvar gong. Men framfor alt er det jo faktisk rasande morro. Når det heile føregår like ute på Herdla, må ein jo nesten bokstavleg talt kasta seg på bølga....

Abonner på:
Kommentarer (Atom)