laurdag 5. juni 2010

Bergen Voss 2010

Så var det gjort. Bergen-Voss er gjennomført og snaue 17 mil er tilbakelagt. Dagen starta tidleg frå bygarasjen, der eg for første gong har sykla hovudvegen frå bygarasjen til Danmarksplass og Arenum der rittet starta. Temperaturen klokka sju om morgonen var berre 8 usle grader, og det var ikkje heilt utan kvaler at dei lause beina og vindjakken vart pakka i sekken. Heldigvis hadde eg ein nyinnkjøpt vindvest under NEI BIL bunaden, som nok sparte meg frå den verste kulden når farten aukte. Vel plassert i startslusene streifte det nok ein og annen tanke om at det muligens kunne vera meir behagelege stader å vera tidleg ein sundag morgonen, men slike tanker forsvann som dugg for sola straks pulja vart sent avgårde. Turen innover mot Arna var ikkje direkte varm, men det var likevel til å leva med. Det er ei alltid ei spesiell kjensle når ein som syklist ein skjelden gong har fortrinnsrett og politi og vakter stopper trafikken for feltet. Ei herleg kjensle!

Farten innover var bra, og me holdt skjema stort sett heile vegen. Dette kan i stor grad tilskrivast ein framifrå kaptein (Stormfürer) Breiholtz, som på myndig og bestemt måte styrte rulla og feltet. Litt betutta vert ein likevel når ein køyrer forbi ein syklist som ligg nede etter velt, og venter på sjukebil. Det får ein til å reflektera litt over at marginane i sykkelverda av og til er små.

Trass i dette fungerte eigentleg pulja forholdsvis bra. Det er alltid ein del urutinerte eller utålmodige syklistar som skaper uheldige situasjonar, men i det store og heile trur eg me var tålig heldige med pulja. NE folka og ein del av BCK ryttarane hadde ein liten treningstur på tysdagen, noko eg for min del nok hadde stor nytte av. På Kvamskogen ein stad slapp skydekket og sola kom fram. Turen innover frå Nordheimsund var flott, og med god driv i feltet. Etterkvart var det behov for nye krefter i rulla, og eg fekk høve til å gjera ein liten innsats framme i rulla det siste strekket inn mot Skjervet. Turen oppover det etterkvart berømte Skjervet var slett ikkje så ille som eg hadde frykta. No skal det seiast at me tok det roleg i alle bakkar, og for min del var nok flatane langt meir krevande enn motebakkane. I slakke nedoverbakkar ser eg at eg lyt jobba litt for å halda ryttarane som sorterer i ein høgare vektklasse.

Siste stykket nedover mot Voss vart eigentleg det tyngste. Her var eigentleg pulja gått i oppløysing, og me klarte ikkje å etablera ei rulle som fungerte. På grunn av dette havna eg litt bak i feltet når det plutseleg vart luker framover ettersom syklistar mellom ikkje klarte å halda feltet. I tillegg kom det bilar mellom fraksjonane av syklistar. Det vart difor tungt å henta inn igjen hovudfeltet åleine og i motvind nedover mot mål, men det gjekk med eit nødskrik.

Sluttida vart 5 timar og 21 minutt, noko eg sjølvsagt er svœrt godt nøgd med. Snittfarten enda på 30,75 kilometer i timen. Det vart eit fantastisk flott ritt for min del, og det er på sin plass å retta stor takk til gode kollegaer og medsyklistar for å ha gjort dette til ein kjempedag. Det er imponerande at me har så mange spreke menneske i NE! Det er likevel på sin plass å dela ut ekstra heder til Haraldsen for ein framifrå jobb når han som kaptein loste oss trygt til mål!


- Posted using BlogPress from my iPad