søndag 30. mai 2010

7-fjellsturen



Klokka er ikkje meir enn 05:30 søndag morgon når vekkerklokka bryt freden i eit hus lang ute på Askøy. Truleg er nok dette også situasjonen i ca 4-5000 andre hus i Bergensregionen omlag på samme tidspunkt. Dette er dagen det Bergens 7 fjell skal invaderast av rekordmange deltakarar av 7-fjellsturen.

For min del starta dagen med ein halv kaffikopp og ein tallerken kornblanding, før tida var mogen for å retta kursen mot Bergen. Vegen frå bygarasjen mot Marken var eigentleg ei snodig oppleving i seg sjølv. I ein ellers stille by stimler det sportskledde menneskje frå alle kanter som lettare stressa og med veldig bestemte blikk hasta i samme retning: mot bussane som skal frakta oss til Gravdal. Vel framme er det eigentleg berre å følga folkestraumen. Og denne folkestraumen var endelaus! Bilete under er teken frå toppen av Lyderhorn, som var første klippepost på turen.

Etter eit nokså køprega førstefjell løsna det heile litt opp når me kom til Damsgårdsfjellet, og det var tidvis mogeleg å halda sitt eige tempo. Musikalske innslag (visstnok henta frå Festspillene) var hyggelege overraskingar undervegs.
Ullskjorte og langbukse måtte vika for kortebukse og t-skjorte på ein fantastisk flott turdag. Etter å ha svippa oppom Løvstakken var det endeleg Ulriken som sto for tur. Camelbaken vart fylt før eg tok til med klatreetappen oppover. Beina var friske og raske, og turen oppover gjekk forbausande greit. Godt fornøgd innvilga eg meg ein kort matpause på Ulrikens topp med panoramautsikt over Bergen og Askøy.

Turen nedover var (som frykta) langt vanskelegare. Ein smal trasè medførte lang kø, og nedstiginga vart såleis ei tidkrevande sak. Dette likte knea mine svært dårleg, men dette gjekk heldigvis over når nedoverbakke atter vart erstatta med oppoverbakke. Etter å ha forsert ein usedvanleg folkerik Fløyen, gjekk me vidare opp til Rundemanen, som var turens siste klatreetappe. Herifrå var det berre nedover. Først til Sandviksfjellet (der siste klipp vart sikra) og til slutt nedover Skredderdalen og nedover til Marken. På dette tidspunktet var det mogeleg å kjenna at beina hadde vandra nokre timer, og det var mange som hadde ytterst forsiktig gange dei siste kilometerene inn mot Marken.
Gleda var sjølvsagt stor når eg etter ni timar kunne sjå målstreken - og viktigast av alt: innkassera mi første 7-fjellstrøye.

35 kilometer og utallige høgdemeter er tilbakelagt.

Min første 7-fjellstur er fullført!

laurdag 8. mai 2010

Oppkjøring til Bergen Voss har starta

Bergen -Voss nærmer seg med stormskritt, og det var vel på høg tid å starta oppkøyringa mot rittet. No var dette riktignok ikkje heilt planlagt, men med sol frå ein ellers blå himmel vart ein vanleg treningstur på mystisk vis omgjort til årets første langtur.

Turen denne gong gjekk frå Skråmestø over Kokstad og Fanafjellet til Os, med retur langs Kalandsvatnet til Fana kirke over Kokstad og tilbake til Skråmestø. Totalt vart dette ein tur på snaue 13 mil. Etter å ha fått ein heil del pepper frå Haraldsen om manglande lågintensitetstrening, gjorde eg eit ihuga forsøk på å halda lett tråkk og låg puls på turen. Bortsett frå ein svært kort matpause ved Fana kirke, vart tida tilbragt på sykkelsetet. Ei totaltid på knappe seks timar kan vel i denne samanheng seiast å ha sett sine spor. I tillegg til ein øm nakke, hadde alt som fantes av nervetrådar i bakre regionar samla seg til eit felles jammerorkester. Eit tydeleg signal om at nokre langturer er høgst påkrevd før rittet. Likevel er eg sjølvsagt glimrande fornøgd med dagen, og det heile vart avslutta med ein velfortent pils etter at sykkelen var trygt parkert for dagen!