søndag 7. februar 2010
Fantastisk helg i Myrkdalen
Det vert sagt at det som skjer meir enn ein gong er å rekna som tradisjon. I så fall er det no blitt ein tradisjon at NEI-klubben i NE inviterer til familietur til Myrkdalen. Sjølv tjuvstarta eg ved å ta meg fri fredagen og setja kurs mot Myrkdalen. Fredag og laurdag var sett av for nedoverski, for å freista å festa grunnkunnskapane frå intensivopplæringa på Geilo. Det vart to fantastiske dagar i flotte løyper i Myrkdalen skianlegg! Nedoverskiene framstår ikkje lenger som så frykteleg farlege, og eg tek meg i å ha det regelrett morro i nedoverbakkane, sjølv om eg på ingen måte freistar å setja fartsrekord i bakken. Eg er likevel fornøgd med at raude løyper no er fullt mogeleg å meistra, sjølv om bakkens breidde ofte vert godt utnytta. Sidan nedoversi ikkje akkurat kan seiast å utfordra kondisjonen spesielt hardt, fekk eg også lagt inn ein runde i lysløypa på joggepinnane både fredag og laurdag. På denne måten vart også endorfinbehovet silllt på ein tilfredsstillande måte. Sundag var sett av til å testa ut fjellskiene for fyrste gong. I ekte Nortug stil (i alle fall nesten) angreip eg motebakkane. Det vart ein flott tur oppover dalen tvers over hotellet. Turen nedover føregjekk i langt mer avpassa fart, men eg kom meg no ned med livet i behald (og utan å driva nærgåande studier av snøkrystallane sin oppbygging). Turen vart avslutta med ein rask runde gjennom ei nypreparert lysløpe før ein svært nøgd Cato sette retning mot Askøy igjen. Ei framifrå flott helg, som absolutt tåler å bli ein tradisjon!
Abonner på:
Kommentarer (Atom)