I dag har Johansen rota seg inn på trening med BCK (Sandligjengen). Den einaste grunnen til at dette kunne skje er nok at treninga fann stad på kjent grunn - nærare bestemt på SATS Sandsli. Eg har jo lenge hørt snakk om at BCK-treninga skulle vera bra, så motivasjonen var sterk nok til å ta turen til Sandsli på ein sundag.
Vel framme møtte eg Haraldsen og Maja som etter eit raskt garderobeskift kom togande ut i BCK-drakter. Dette var nok ikkje heilt uventa, så som motvekt til denne galskapen hadde eg sjølvsagt passa på å pakka Team Infoland bunaden som ein stille protest. Dette gjekk ikkje heilt upåakta hen.
Nok om det. Sjølve treninga var ganske ulik den vanlege SATS treninga. Skjeldan har spinningsyklane på SATS opplevd så låg tråkkefrekvens! Men den låge kadensen vart oppvegd med stor motstand, så treninga vart eigentleg slett ikkje verst. Lang oppvarming og nedkjøring er noko SATS kunne lært av. I sum vart dette ei god treningsøkt med forholdsvis snill pulsprofil, som eg ikkje får for mange av på SATS.
I tillegg fekk eg jo prata ein del med BCK'arar som viste seg å vera langt meir jordnær og forståelsesfull enn våre lokale representantar. Så kanskje det blir Trondheim - Oslo på guten til neste år? Time will show!
Det som i alle fall er brennsikkert er at det ikkje blir i gul og blå drakt. For me veit jo alle kva gulfargen symboliserer... Og dei som ikkje veit det, kan jo lytta til gamle gode Kenny sin song Yellow...
søndag 31. januar 2010
laurdag 16. januar 2010
Skitur i Oslo
Trass i at vinteren har ramma Askøy hardt dette året, er det få stader der ein kan få prøvekjørt skiene utan å måtta driva kø-skiing på Fløyen. Langrennskiene har difor vore forskåna for kulde så langt i år. Eg fekk likevel muligheten til å friska opp igjen mine svært avgrensa skikunnskaper når Truls inviterte på skitur i Oslo. Dette var noko anna enn løypetilbodene på Askøy. Her var det verkeleg tilrettelagt for skigåing, og det var endåtil mogeleg å få ei god reningsøkt ut av turen (sjølv om mesteparten av energien nok ikkje gjekk i fartsretninga). Uansett ein kjempeflott tur, og eg ser fram til å få lufta mine eigne ski i Myrkdalen i februar.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)

