onsdag 11. november 2009

SATS fungerer

Onsdag hadde NEIBIL sin vanlege stoltzetur, og ettersom orienteringssesongen for lengst er avslutta er ein nærast programforplikta til å delta. Dei siste vekene har stoltzeklyvingane vore av den heller rolege sorten, der det faktisk også har vore mogeleg å nyta utsikten undervegs. Denne gongen ver imidlertid tida inne til å testa formen.

Eg gjekk difor ut med ein eplekjekk start fram til steintrappene starta før eg la om til gange med doble trinn pr. steg. Til mi store overrasking gjekk dette uventa greit, trass i at lufta var langt kaldare enn eg pleier å setja pris på. Pulsklokka var sjølvsagt på plass, og avslørte at eg før tretrappene låg 12 sekund framfor min tidlegare rekord. Ved målgang hadde dette krympa til usle eitt sekund. Ny personleg (uoffisiell) stoltzerekord lyder difor no på 12:32. Nok ein gong kan ein difor konkludera med at høgpuls- og intervalltimane på SATS faktisk fungerer...